Framsida
Dagens bilde
Medaljedryss på regionsmeisterskap
Sponsorar

Reisebrev frå Korea

Klikk på bilde for full størrelse
Kristian saman med den sterkaste kvinnelege utøvaren på Yong In University. Ho har soto-maki-komi som favorittkast og ho er god.
 
Kristian har vore på jobbreise i Korea i ein månad no. Han har sendt oss ei fin helsing
 
Klikk på bilde for full størrelse
Nam er ein av trenarane på Yong In University. Hans kone og tre barn er også aktive. Alle har svart belte.
Kristian har vore på jobbreise i Korea. På fritida har han studert judo på
Yong In University i Geoje.
Her er er det treningsøkter seks dagar i veka, Treningsopplegget er har
likhetstrekk med opplegget i vår klubb, berre mykje meir intenst.
Mykje randori, newasa, angrep/innganger, styrke og kondisjon. Forholdsvis
lite kasting, nesten berre kasting under randori.
På ei økt med fokus på angrep/innganger vert det køyrt omlag 200 inganngar
med stort fokus på ein rein stil. Variasjonar og personleg stil vert prøvd
ut under randori.
På ei økt med fokus på styrke er det ikkje uvanleg med opp mot 200
armhevingar eller «støvsugarar» og like mange situps. Men her er det lov å
gi seg når ein er tom for krefter.
Graderingssystemet er ulikt frå vårt, her er det enten kvitt eller svart
belte. Nivået kan derfor vere høgt på ein utøvar med kvitt belte.
Partiet som Kristian har delteke på er for vidarekomne ungdom 15, junoir
og senior. Om det vert fleire jobbreiser til Korea for Kristian kjem
judogien til å vera med i baggasjen.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
19.04.2024
Regionsmeisterskap 13. april
Årets regionsmeisterskap vart arrangert i Sandnes, og hadde 107 deltakar inkludert barnestemnet. Stord var representert av 3 ungdom og 5 barn som representerte klubben på ein svært god måte. 
05.04.2024
Årsmøte
Judoklubb Stord hadde årsmøte 12. mars. Referatet er lagt ut på Spond. 
18.02.2024
Stemne i Haugesund 17. februar
Me vart inviterte til Haugesund på eit lite barnestemne. Der deltok Timian i U13 og Victor, Håvard og Thea i U13. Alle gjekk fine kampar og fekk til mykje av det dei har øvd på.
Nyhetsbrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post



 
Lenker
Dynamiske websider: iDrift AS
Judo Klubb Stord   Boks 100 5408 SAGVÅG   Epost-adresse: post@stord.judoklubb.no
Sidekart