Framsida
Dagens bilde
Bra oppstart 2025
Sponsorar

Treningssamling 6.-7. januar

Klikk på bilde for full størrelse
Oppstilling før siste økta
 
Som start på det nye året arrangerte me ei intern treningssamling for medlemmane våre. Me har hatt ei kjempefin helg med mykje judo og sosialt samvær. 
 
Klikk på bilde for full størrelse
Tomoe nage
Me starta med to treningsøkter laurdag ettermiddag. Mellom øktene hadde me matpause med deilig mat som foreldre leverte. 
 
Klikk på bilde for full størrelse
Klar for ei natt på tatami
Barnepartiet fekk overnatta i gymsalen denne gongen, og hadde ein koseleg kveld sjølv om det var litt kaldt. Om kvelden gjekk dei også ein liten runde med julebukk, sjølvsagt utkledd som judoutøvarar.
 
Klikk på bilde for full størrelse
God stemning og stor aktivitet på morgonøkta
Sundag morgon hadde barnepartiet ei lang økt med mykje leik og litt judo. Her fekk Timian på 11 år prøva seg som trenar for første gong, og me fekk også gleda av å ha med den engasjerte og dyktige sportssjefen i Norges Judoforbund, Tore Fauske Haugen, som gjestetrenar. Han gjesta klubben heile helga, som oppfølging av Kjetil som var på trenarkurs i fjor vinter.
 
Klikk på bilde for full størrelse
O goshi
Etterpå hadde me open dag, med trening for alle våre eigne medlemmar og nokre som kom på besøk og hadde lyst å prøva judo for første gong. Eit fantastisk arrangement med over 20 barn, nokre ungdommar og dei fleste av klubben sine trenarar på matta samtidig.
 
Klikk på bilde for full størrelse
Kurt viser kast
Me takkar trenarar, utøvarar og dugnadsgjengen for ei fin helg med mykje engasjement og idrettsglede. 
 
Klikk på bilde for full størrelse
Mange glade barn på matta
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
01.05.2025
Åpent trøndersk mesterskap og lag-NM
Noregscup-stemnet i Levanger 26. april var den største planlagte hendinga for klubben i 2024. Me reiste nordover med fem utøvarar og eit stort støtteapparat av trenarar og foreldre. Kom heim att med mange medaljar og gode erfaringar. 
10.04.2025
Årsmøte 11. mars 2025

25.03.2025
Regionsmeisterskap i Stavanger
Judoklubb Stord deltok med ein stor delegasjon på regionsmeisterskap i Stavanger 22. mars. 
Nyhetsbrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post



 
Lenker
Dynamiske websider: iDrift AS
Judo Klubb Stord   Boks 100 5408 SAGVÅG   Epost-adresse: post@judoklubbstord.no
Sidekart