|
|
| Dagens bilde | |  | | Sponsorar | | | |
Regionsmeisterskap 13. april | | | Årets regionsmeisterskap vart arrangert i Sandnes, og hadde 107 deltakar inkludert barnestemnet. Stord var representert av 3 ungdom og 5 barn som representerte klubben på ein svært god måte. | |  Anton i sin første kamp  Håvard kastar  Victor i kamp  Timian i mune gatame  Alle ungdommane enda på medaljeplass  Spanande oppgjer mellom Lone og Lisa Sofie Først ut var U11, der me hadde med oss Victor Skoge, Håvard Netland Ljostveit, Thea Loraine Engelsen og Anton Hjortland. Anton imponerte på sitt første stemne, og vann to av sine tre kampar. Også dei andre utøvarane gjorde det veldig bra og alle vann nokre av kampane sine. Me fekk sjå svært underhaldande judokampar med god innsats og fine teknikkar. Timian Aga Grønås deltek i U13. Mot ein 12 år gamal men råsterk gut frå Sandnes var det ingen som hadde ein sjanse. Dei andre kampane sine vann Timian greitt mot litt yngre gutar. I U18 for jenter var det berre to påmeldte. Christine Hyttebakk gjekk gode kampar og gjorde jobben sin teknisk og kampmessig, men tapte for ei litt eldre og meir erfaren jenta frå Stavanger Judoklubb, og måtte nøya seg med andreplassen. Lone Becker og Lisa Sofie Lønne Hårde deltok på sitt første stemne, i U21. Her møtte dei to utøvarar frå Rogaland. Lisa Sofie gjekk ein svært jamn kamp mot vinnaren av klassen, der ho til slutt tapte men like godt kunne ha vunne. Ho enda på bronseplass. Lone vann mot klubbveninna på tomoe-nage og sikra seg derned sølvmedalje. Kurt Nes var lagleiar. | |  | Stor idrettsglede |
| | | | |
| |
|
| Siste nyhende | | | | 01.05.2025 | Åpent trøndersk mesterskap og lag-NM | Noregscup-stemnet i Levanger 26. april var den største planlagte hendinga for klubben i 2024. Me reiste nordover med fem utøvarar og eit stort støtteapparat av trenarar og foreldre. Kom heim att med mange medaljar og gode erfaringar. | | 10.04.2025 | Årsmøte 11. mars 2025 |
| | 25.03.2025 | Regionsmeisterskap i Stavanger | Judoklubb Stord deltok med ein stor delegasjon på regionsmeisterskap i Stavanger 22. mars. | | | | | Nyhetsbrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post | |
| Lenker | | | | |
| Dynamiske websider: iDrift AS | | |