Framsida
Dagens bilde
Siste planlagde gradering før sommaren
Sponsorar

Regionsmeisterskap 13. april

Klikk på bilde for full størrelse
 
Årets regionsmeisterskap vart arrangert i Sandnes, og hadde 107 deltakar inkludert barnestemnet. Stord var representert av 3 ungdom og 5 barn som representerte klubben på ein svært god måte. 
 
Klikk på bilde for full størrelse
Anton i sin første kamp
Klikk på bilde for full størrelse
Håvard kastar
Klikk på bilde for full størrelse
Victor i kamp
Klikk på bilde for full størrelse
Timian i mune gatame
Klikk på bilde for full størrelse
Alle ungdommane enda på medaljeplass

Spanande oppgjer mellom Lone og Lisa Sofie

Først ut var U11, der me hadde med oss Victor Skoge, Håvard Netland Ljostveit, Thea Loraine Engelsen og Anton Hjortland. Anton imponerte på sitt første stemne, og vann to av sine tre kampar. Også dei andre utøvarane gjorde det veldig bra og alle vann nokre av kampane sine. Me fekk sjå svært underhaldande judokampar med god innsats og fine teknikkar. 

 

Timian Aga Grønås deltek i U13. Mot ein 12 år gamal men råsterk gut frå Sandnes var det ingen som hadde ein sjanse. Dei andre kampane sine vann Timian greitt mot litt yngre gutar. 

 

I U18 for jenter var det berre to påmeldte. Christine Hyttebakk gjekk gode kampar og gjorde jobben sin teknisk og kampmessig, men tapte for ei litt eldre og meir erfaren jenta frå Stavanger Judoklubb, og måtte nøya seg med andreplassen. 

 

Lone Becker og Lisa Sofie Lønne Hårde deltok på sitt første stemne, i U21. Her møtte dei to utøvarar frå Rogaland. Lisa Sofie gjekk ein svært jamn kamp mot vinnaren av klassen, der ho til slutt tapte men like godt kunne ha vunne. Ho enda på bronseplass. Lone vann mot klubbveninna på tomoe-nage og sikra seg derned sølvmedalje. 

 

Kurt Nes var lagleiar. 

 
Klikk på bilde for full størrelse
Stor idrettsglede
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
03.07.2024
Har du lyst å begynna på judo? Kom på open dag!
Kunne du tenkt deg å koma i betre form? Læra deg betre kroppskontroll, balanse? Kunne du tenkt deg å læra kampsport for sjølvforsvar, mosjon eller konkurranse? Har du lyst å leika og vera aktiv med barn, ungdom og vaksne i ein gymsal?
12.06.2024
Judoavslutning på Hystad skole mandag 10.juni 1800 - 2000
Det var godt oppmøte av barn, foreldre og besteforeldre samt trenere/ledere på judoavslutningen før ferien. Totalt var det 58 som kom.
09.06.2024
Aktiv helg for judoklubben
Laurdag 8. juni har Judoklubb Stord hatt det travelt, då me var var på Folk i sentrum på Leirvik samtidig med stemne i Sandnes. 
Nyhetsbrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post



 
Lenker
Dynamiske websider: iDrift AS
Judo Klubb Stord   Boks 100 5408 SAGVÅG   Epost-adresse: post@stord.judoklubb.no
Sidekart