Framsida
Dagens bilde
Siste planlagde gradering før sommaren
Sponsorar

Aktiv helg for judoklubben

Klikk på bilete for full storleik
 
Laurdag 8. juni har Judoklubb Stord hatt det travelt, då me var var på Folk i sentrum på Leirvik samtidig med stemne i Sandnes. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Bent Henning Nesse, Sissel Haraldsen og Ole Severin Nesse. Linda Nesse under

Representantar frå styret trassa regnet og hadde stand på torget laurdag frå 11.45 til 15.00. På grunn av veret passa det ikkje med judo-demonstrasjonar utandørs, men me fekk vist oss fram og snakka med mange om idretten og klubben vår. 

 

Nokre av dei eldste og mest røynde frå barnepartiet deltok som vanleg på Sandvedparken Open i Sandnes. Dette er eit stemne Sandnes Judoklubb har arrangert i 40 år, som ei slags avslutning på vårsesongen. Det var god stemning og mange deltakarar. 

 

Timian, Victor, Håvard og Thea representerte klubben på ein svært god måte, og fekk praktisert både angrep og fallteknikkar. Kurt Nes var med som lagleiar. 

 
Klikk på bilete for full storleik
Håvard Netland Ljostveit, Victor Skoge, Timian Aga Grønås og Thea Loraine Engelsen
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
03.07.2024
Har du lyst å begynna på judo? Kom på open dag!
Kunne du tenkt deg å koma i betre form? Læra deg betre kroppskontroll, balanse? Kunne du tenkt deg å læra kampsport for sjølvforsvar, mosjon eller konkurranse? Har du lyst å leika og vera aktiv med barn, ungdom og vaksne i ein gymsal?
12.06.2024
Judoavslutning på Hystad skole mandag 10.juni 1800 - 2000
Det var godt oppmøte av barn, foreldre og besteforeldre samt trenere/ledere på judoavslutningen før ferien. Totalt var det 58 som kom.
09.06.2024
Aktiv helg for judoklubben
Laurdag 8. juni har Judoklubb Stord hatt det travelt, då me var var på Folk i sentrum på Leirvik samtidig med stemne i Sandnes. 
Nyhetsbrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post



 
Lenker
Dynamiske websider: iDrift AS
Judo Klubb Stord   Boks 100 5408 SAGVÅG   Epost-adresse: post@stord.judoklubb.no
Sidekart