Framsida
Dagens bilde
Bra oppstart 2025
Sponsorar

Tid for gradering

Klikk på bilete for full storleik
Arnav, Aksel, Leon, Jone, Erik, Jonas og Sturla har fått ei gul stripe
 
Denne hausten har me hatt mange nybegynnarar, på alle parti. No har mange av dei nådd den første milepålen i judo, nemleg gult belte.
 
Klikk på bilete for full storleik
Malva, Viktoria og Live
Klikk på bilete for full storleik
Vinod og Hallvard

Øystein

Torsdag 21. november hadde me heile 7 barn som greidde den første graderinga til ei gul stripe. Dette har vore ei læreviljug og positiv treningsgruppe som det har vore veldig kjekt å bli kjend med. Dei har jobba bra med teknikkane og dei fleste har også delteke på sitt første stemne. Viktoria var ikkje på trening den dagen, men fekk gradera seg på trening veka etter. 

 

Live har venta lenge på gradering til den første oransje stripa si. No var det endeleg hennar tur. Dei andre som har vore med nokre år tok si gradering i vår og fekk to striper, så no er Live den einaste i klubben som har éi oransje. To ungdommar har også fått oransje i løpet av hausten.

 

Me har også hatt mange nybegynnarar på vaksenpartiet i haust, i varierande alder frå 12 til 45 år. Alle desse seks er ressurspersonar som bidreg med både god stemning og innsats på trening og har vore eit positivt tilskot til klubben. Fire vaksne og to ungdommar vart graderte til gult belte på ulike tidspunkt i november og desember.

 
Klikk på bilete for full storleik
Tommy, Marius og Yagmur
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
01.05.2025
Åpent trøndersk mesterskap og lag-NM
Noregscup-stemnet i Levanger 26. april var den største planlagte hendinga for klubben i 2024. Me reiste nordover med fem utøvarar og eit stort støtteapparat av trenarar og foreldre. Kom heim att med mange medaljar og gode erfaringar. 
10.04.2025
Årsmøte 11. mars 2025

25.03.2025
Regionsmeisterskap i Stavanger
Judoklubb Stord deltok med ein stor delegasjon på regionsmeisterskap i Stavanger 22. mars. 
Nyhetsbrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post



 
Lenker
Dynamiske websider: iDrift AS
Judo Klubb Stord   Boks 100 5408 SAGVÅG   Epost-adresse: post@judoklubbstord.no
Sidekart