Judoklubb Stord arrangerte stemne for barn og ungdom under 15 år laurdag 23. november.
Foreldregruppa sørga for påfyll av energi
Me har hatt ei stor gruppe av nybegynnarar no i haust, og dei fleste av dei vart graderte til gult belte denne veka, som er minstekravet til å få lov å delta i judokampar. Totalt hadde klubben heile 22 deltakarar på stemnet vårt. I tillegg kom det om lag 30 utøvarar frå andre klubbar frå Bergen i nord til Sandnes i sør, noko som faktisk gjer dette til eitt av dei største barnearrangementa i Judoregion Vest i 2024. Det vart trangt, men god stemning i gymsalen på Hystad skule.
Line-up før oppvarming
Dei yngste som deltok på stemnet er enno ikkje fylt 6 år. Det er veldig kjekt for trenarar og foreldre å sjå utviklinga og idrettsgleda hos dei minste. I aldersklassen U9 deltok Oliver, Marius, Malva, Aron, Jone, Viktoria, Sturla, Jonas, Erik, Arnav og Leon.
Arnav mot Sturla
I U11 hadde me meir røynde barn, der fleire har vore med på mange stemne før. Mange gode kampar og fine teknikkar her. Frå Stord hadde me med Victor, Håvard, Thea, Live, Magnus og Edvin i denne aldersgruppa.
Premieutdeling barn
Dei største barna deltok i U13. Her hadde me ei god blanding, frå dei mest erfarne med grønt belte til ein nybegynnar med gult. Lucas, Timian, Yagmur, Tristan og Snorre representerte klubben på ein framifrå måte i den eldste barneklassen.
Premieutdeling ungdom, Lucas i midten
To av 12-åringane våre, begge med lite konkurranseerfaring frå før, stilte også opp i ungdomsklassen U15. Lucas klarte å vinna ein sølvmedalje i sin vektklasse. Yagmur gjekk også gode kampar i sitt aller første stemne, ytte god motstand mot svært sterke utøvarar frå dei andre klubbane og enda på 4. plass. Det vert veldig spanande å sjå dei fire 12-åringane våre i ungdomsklassane frå neste år.
Fredag kveld hadde me kampregelkurs med Harald Monsen, der 12 medlemar deltok. Dei fleste hadde praksis på stemnet, og er dermed på veg til C-dommarlisens.
Takk til alle medlemmar, foreldre og barn som har vore med på å laga eit svært vellukka stemne.
Noregscup-stemnet i Levanger 26. april var den største planlagte hendinga for klubben i 2024. Me reiste nordover med fem utøvarar og eit stort støtteapparat av trenarar og foreldre. Kom heim att med mange medaljar og gode erfaringar.