|
|
| Dagens bilde | |  | | Sponsorar | | | |
Regionsmeisterskap i Stavanger | | | Judoklubb Stord deltok med ein stor delegasjon på regionsmeisterskap i Stavanger 22. mars. | | Før sjølve meisterskapen var det som vanleg barnestemne. Denne gongen fekk me med oss mange, også av dei minste på barnepartiet: U9: Marius Nesse, Arnav Pakhare, Arvein Bauge, Aron Valen Dahl. U11: Anton Hjortland. U13: Victor Skoge, Thea Loraine Engelsen. Dommar: Kjetil Grønås Lagleiarar: Bent Henning Nesse og André Malkenes Dahl. | | Det er veldig kjekt å sjå entusiasmen og idrettsgleden til denne gjengen. Alle fekk vist fram judoen sin og me fekk mange poeng på fine kast og haldegrep i kampane. | | I ungdomsklassane på RM deltok fire utøvarar frå Stord, med Kjetil Grønås som lagleiar. Me har eit «ungt lag» og fersk trenar, og deltek meir for å læra enn for å vinna meisterskap. Utøvarane våre fekk oppgåver å jobba med i kampane sine, og løyste desse godt. | | Timian gjekk sitt første stemne i U15. Var heldig og fekk ein vektklasse med fleire utøvarar og god motstand. Fekk seg ein kraftig smell i skuldera i kamp nr 2, men beit tenna saman, vann den siste og fekk bronse. | | Kristian deltok i sitt første stemne, vart flytta opp to vektklassar. Han klarte likevel å vinna kampar og reiste heim med ein 4. plass i U18 og ein bronsemedalje frå U21. | | Christine gjekk veldig gode kampar og fekk poeng på kast men imponerte særleg i ne-waza. Ho vann begge kampane sine med juji gatame og vann gull i sin klasse. | | Den siste i elden var Lisa Sofie, som fekk tøff motstand. Ho markerte seg godt mot røynde utøvarar, og fekk sølvmedalje både i U21 og senior. | | Sundag var det duka for ei lita treningssamling. Dei fleste hadde reist heim, men Kjetil, Timian og Arvein møtte opp for å læra litt av dei dyktige trenarane i Stavanger. | | Undervegs i treningssamlinga vart det delt ut pokal til Stavanger Judoklubb som beste klubb på stemnet. Her kom Stord på femte plass, rett bak dei sterke konkurranseklubbane Haugesund og Sandnes. Dette er eit resultat som me er godt nøgde med. | | På årsmøtet til Judoregion Vest sundag ettermiddag var klubben representert av Kjetil, og med Ole Severin Nesse som observatør via Teams. | | | | | |
| |
|
| Siste nyhende | | | | 01.05.2025 | Åpent trøndersk mesterskap og lag-NM | Noregscup-stemnet i Levanger 26. april var den største planlagte hendinga for klubben i 2024. Me reiste nordover med fem utøvarar og eit stort støtteapparat av trenarar og foreldre. Kom heim att med mange medaljar og gode erfaringar. | | 10.04.2025 | Årsmøte 11. mars 2025 |
| | 25.03.2025 | Regionsmeisterskap i Stavanger | Judoklubb Stord deltok med ein stor delegasjon på regionsmeisterskap i Stavanger 22. mars. | | | | | Nyhetsbrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post | |
| Lenker | | | | |
| Dynamiske websider: iDrift AS | | |