|
|
| | Dagens bilde | |  | | | Sponsorar | | | |
Barneidrett | | | | Den største gruppa av medlemar i Judoklubb Stord er barn frå 6 til 12 år. Dei er omfatta av NIF sitt regelverk for barneidrett.
Ansvarleg for barneidrett i Judoklubb Stord er Kjetil Grønås. | | | | Barneidrett er aktivitet for barn fram til året dei fyller 12 år. NIF har laga eit omfattande regelverk for barneidrett. | | | Føremålet med barneidretten er ikkje talentutvikling og toppidrett, men folkehelse, idrettsglede og fysisk aktivitet for alle. Det er viktig at barn i idretten får læra og meistra på sine eigne premiss. | | | - Venskap og trivsel
- Alle skal få vera med på leiken
- Meistring
Reglar for stemnedeltaking NJF har konkretisert regelverket for barneidrett slik at det skal vera tilpassa judoen og klubbane. Me har følgjande aldersgrenser for stemnedeltaking: - Frå året ein fyller 6 år: Konkurransar kun i eigen klubb.
- Frå året ein fyller 7 år (U9): Lokale konkurransar, i NJF tolka som eigen idrettskrins.
- Frå året ein fyller 9 år (U11): Regionale konkurransar, dvs mellom Førde og Sandnes.
- Frå året ein fyller 11 år (U13): Stemne i heile Norden, bortsett frå meisterskap.
Ettersom me er heilt i utkanten av Vestland Idrettskrins, vil ofte stemne i Rogaland idrettskrins vera meir aktuelle for oss, og grensene til NJF er ikkje direkte relevante. Klubbstyret og trenargruppa gjer difor konkrete vurderingar av kva for stemne dei ulike aldersgruppene kan delta i. | | | For U11-utøvarar kan ein tillata deltaking i konkurransar i andre regionar, dersom reiseavstanden ikkje er lenger enn til Førde. Trenarane må saman med foreldre vurdera deltaking individuelt dersom det er store reiseavstandar. | | | Politiattest Alle som skal trena eller leia barn under 18 år, skal levera politiattest til klubben. Viss du treng politiattest, må du kontakta politiattestansvarleg Kurt Nes (tlf 97556225) for å få eit stadfestingsskjema. | | | Idrettsforsikring for barn Medlemsskap i NIF inkluderer forsikring. Informasjon om denne forsikringa finn du her. | | | | | | | |
| |
|
| | Siste nyhende | | | | 03.02.2026 | Chinchilla Cup 2026 | Fire utøvarar frå Stord deltok på Chinchilla Cup i Oslo, 31. januar. | | 07.01.2026 | Oppstart og nybegynnarkurs 2026 | Første trening er 8. januar. Me tar imot nybegynnarar i heile januar.
Barn 6-8 år (1.-3. klasse): Torsdag kl 18-19.
Barn 9-12 år (4.-6. klasse): Måndag og torsdag kl 18-19. Ungdom frå 13 år (frå 7. klasse): Måndag og torsdag kl 19-21.
Vaksne: Måndag og torsdag kl 19-21.
| | 26.11.2025 | NM 2025 | Christine Hyttebakk representerte Judoklubb Stord i Noregsmeisterskapen på Levanger den 22. november. | | | | | | Nyhetsbrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post | |
| | Lenker | | | | |
| Dynamiske websider: iDrift AS | | |